Dette er et arkiv (arkivdato: 08.05.2009). Arkivet kan navigeres i som normalt med unntak av søk.

Gå til www.itu.no for å finne det aktive nettstedet og for å søke i arkivet.

hjem  
Dato: Oktobr 2004

ISBN: 82-7947-033-6

IKT i det nye læringsrommet (Delrapport 1) (24, 2004)

Delrapport Møre og Romsdal 1.

Rapporten kan lastes ned i PDF nederst på siden.

Denne rapporten er ein av to rapportar frå Møre og Romsdal. IKT i det nye læringsrommet omtalar to av delprosjekta i Møre og Romsdal. Prosjektet IKT i formgivingsfaget i vidaregåande skule, har særleg sett fokus på jentene sitt tilhøve til IKT. Spørsmål som vert belyst er korleis IKT kan bidra til ei modernisering av formgivingsfaget og gjennom dette auke jenter sin bruk av IKT.

Ein av konklusjonane er at IKT bruk i faget er med på å gjer faget meir moderne og stimulerar til auka kreativitet. Jentene sitt tilhøve til IKT er ikkje eit problem som det er grunn til å uroe seg over. La jentene få utvikle sin eigen IKT-kompetanse utan at dei skal samanliknast med gutar og deira kompetanse. I prosjektet Det 13-årige løpet og utvikling av IKT-kompetanse har ein sett på utvikling og ivaretaking av IKT-kompetanse hos elevane ved overgang frå eitt skulesteg til neste. Det er lagt vekt på å få fram elevperspektivet. Vi har funne at der er eit samarbeid mellom dei ulike skulestega om overgangane. Dette samarbeidet kan styrkjast og utviklast til også å ta vare på og vidareutvikle IKT-kompetansen til elevane. Vi har også funne at elevar som har eit godt grunnlag, vidareutvikler dette sjølve.

Grete Dalhaug Berg er utdanna cand.polit. frå NTNU og Høgskulen i Volda. Ho har arbeidd med IKT og spesialpedagogikk sidan 1985 og er i dag høgskulelektor i spesialpedagogikk og underviser på Masterstudie i Spesialpedagogikk ved avdeling for lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.

Lila Marie Moberg er utdanna cand.polit. frå Institutt for informasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund. Ho har arbeidd med barns bruk av IKT frå tidleg på 80-talet, og er i dag høgskulelektor i pedagogisk bruk av IKT ved avdeling for lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.



Annen informasjon:

ITU_Rapport_24.pdf (pdf-fil)


Utskriftversjon


Rapport for:

Les mer om PILOT: Prosjekt Innovasjon i Læring, Organisasjon og Teknologi PILOT: Prosjekt Innovasjon i Læring, Organisasjon og Teknologi

Del av:

Les mer om ITU skriftserie ITU skriftserie

Kontakt ITU | Om ITU   Universitetet i Oslo