Dette er et arkiv (arkivdato: 08.05.2009). Arkivet kan navigeres i som normalt med unntak av søk.

Gå til www.itu.no for å finne det aktive nettstedet og for å søke i arkivet.

hjem  
Dato: Oktober 2004

ISBN: 82-7947-034-4

IKT i det nye læringsrommet (Delrapport 2) (25, 2004)

IKT, innovasjon og internautar i nye praksisfellesskap.
Delrapport Møre og Romsdal 2.

I denne delrapporten har hovudmålet vore å studere integrering av IKT på tre nivå ved ein PILOT-skule. Den første delen rettar søkjelys mot kva for strukturelle grep skulen har gjort for å kunne veve teknologien inn i si verksemd.

Den andre delen rettar søkjelys mot i kva grad skulen legg til rette for å nytte teknologien i den daglege praksis gjennom arbeidsmåtar, vurderings-former, læringsomgjevnadar, læreplan og i høve til tilpassa opplæring.

I den tredje delen av rapporten blir det retta søkjelys mot elevane si oppleving av læring og kunnskapsproduksjon ved bruk av digitale læremiddel utvikla av skulen sjølv. Metodologien i studiet er tufta på aksjonsforsking. Teoretisk kviler prosjektet på eit sosiokulturelt perspektiv på læring. Funn frå dette kasusstudiet syner at viktigheita av gjennomgripande, strukturelle endringar når IKT skal integrerast i skulen si verksemd. Studiet syner også at skulen har ivareteke prinsippet om tilpassa opplæring på ein god måte og fleire indikatorar syner at elevane gjer det betre fagleg i høve til tidlegare. Vidare legg skulen til rette for at elevane dagleg kan få nytte si digitale sjølvsikkerheit og tek på denne måten utgangspunkt i ein motivasjon som allereie er der. Ut frå studiet er det rimeleg å seie at på fleire område har både skuleleiing, lærarar og elevar utnytta IKT på ein måte som kan bli karakterisert som innovativ og tufta på ei pedagogisk grunntenking rundt teknologibruken.

Rune Krumsvik er Cand.Scient og er for tiden doktorgradsstipendiat ved Høgskulen i Volda.



Annen informasjon:

ITU_Rapport_25.pdf (pdf-fil)


Utskriftversjon


Rapport for:

Les mer om PILOT: Prosjekt Innovasjon i Læring, Organisasjon og Teknologi PILOT: Prosjekt Innovasjon i Læring, Organisasjon og Teknologi

Del av:

Les mer om ITU skriftserie ITU skriftserie

Kontakt ITU | Om ITU   Universitetet i Oslo