Dette er et arkiv (arkivdato: 08.05.2009). Arkivet kan navigeres i som normalt med unntak av søk.

Gå til www.itu.no for å finne det aktive nettstedet og for å søke i arkivet.

hjem  
Dato: Oktober 2004

ISBN: 82-4947-025-5

Lenke: http://wgate.bibsys.no/gate1/FIND?bibl=B...

Innovasjon, IKT og læringssyn (26, 2004)

Delrapport Rogaland og Hordaland.

Rapporten kan lastes ned som PDF, klikk på bildet under, eller på linken nederst på siden

I PILOT har deltakande skular sett i gong eigne prosjekt utifrå målet om ”å utvikle de pedagogiske og organisatoriske muligheter bruk av IKT i opplæringen åpner for.”

Høgskulen Stord/Haugesund har tatt utgangspunkt i nokre av desse prosjekta og prøvd å komma fram til faktorar som er avgjerande for at IKT blir, eller eventuelt ikkje blir, ein integrert del av læringsmiljøet og læringsprosessen. Vil til dømes lærarane sitt syn på læring ha innverknad på dette?

Ei slik problemstilling kan knytast til to område. Det eine dreier seg om perspektiv på læring, og det andre er knytt til innovasjonsproblematikk og skuleutvikling. Vår tilnærming til problemstillinga vart å velja aktivitetar og konkrete døme som utgangspunkt for å forstå korleis lærarane tenkjer om undervisning og læring. Gjennom desse aktivitetane kan ein identifisera ulike undervisningsmetodar og organiseringsformer av læringsmiljøet.

Integrering av IKT i læring og skule er ein samansett prosess som opnar for mange problemstillingar og forskingsfelt. Integreringa må vurderast som innvovne aktivitetar i ein kompleks sosial og kulturell kontekst.

Aslaug Grov Almås er høgsklelektor ved Høgskulen Stord/Haugesund. Her har fagseksjonen for IKT i læring leia forskingsarbeidet i PILOT i Rogaland og Hordaland. Andre fagmiljø i lærarutdanning ved høgskulen har også vore knytte til PILOT-arbeidet og kome med innspel til delar av rapporten.



Annen informasjon:

ITU_Rapport_26.pdf (pdf-fil)


Utskriftversjon


Rapport for:

Les mer om PILOT: Prosjekt Innovasjon i Læring, Organisasjon og Teknologi PILOT: Prosjekt Innovasjon i Læring, Organisasjon og Teknologi

Del av:

Les mer om ITU skriftserie ITU skriftserie

Kontakt ITU | Om ITU   Universitetet i Oslo