Dette er et arkiv (arkivdato: 08.05.2009). Arkivet kan navigeres i som normalt med unntak av søk.

Gå til www.itu.no for å finne det aktive nettstedet og for å søke i arkivet.

hjem  
ISBN: 82-7947-007-7

SULDAL (7, 2000)

I SULDAL prosjektet deltek to kommunar, Suldal kommune i Rogaland og Malvik kommune i Sør-Trønderlag, og fire høgre utdanningsinstitusjonar.

Rapporten kan lastes ned i PDF nederst på siden.

Rapporten viser til at forskningsprosjektet er basert på at dei to kommunane satsa målretta på utnytting av IKT i skule-og opplæringssamanheng og at høgskule- og universitetsmiljøa har følgt denne satsinga gjennom aksjonsbasert forskning. Resultata er framleis berre på "knopp stadiet". Det vil enno ta noko tid før blomane slår ut og fruktane av innsatsen kan haustas. Fleire pedagogiske og organisatoriske problemområde m.o.t. integreringa av IKT i skulekvardagen, er registrerte og blir presentrete i rapporten. Av positive erfaringar, nemner en m.a. at lærarane er motiverte for oppgåva, dei vil gjerne utnytta potensialet i IKT, og både lærarar og elevar har fått endra sine roller og funksjonar; lokalsamfunnet interesserer seg for integreringa av IKT i skulen, og større fagleg nettverk er i ferd med å bli etablert på tvers av klasse - og skulegrenser. Forskningsopplegget tok utgangspunkt i sosial-konstruktivistisk læringsteori, og har hatt ønskje om å bruka CSCL (Computer Supported Collaborativ Learning) som arbeidsmetode. Kommunar og skular har gjennom det aksjonsbaserte prosjektet fått inspirasjon og støtte i sitt arbeid, samstundes som dei akademiske miljøa har styrket sin praksisnærleik for vidare utvikling, særleg innan lærerutdanning. Samarbeid både på skulenivå, mellom bygdelag og kommunar og på akademisk nivå, har stått sentralt i prosjektet.

Forfattet av

**Bodil Ask** er amanuensis ved Høgskolen i Agder, Avdeling for teknologi i Grimstad, seniorforsker ved Agderforskning, med lang erfaring frå nasjonale IKT-relaterte prosjekt. I SULDAL med ansvar for evaluering og rapportering.

**Anne-Lise Fagerheim** er rektor ved Hommelvik ungdomsskole, Malvik, og kontaktperson for Malvik kommune i SULDAL -prosjektet.

Harald Haugen førsteamanuensis ved Høgskolen Stord/Haugesund, Avdeling for lærerutdanning.Prosjektleiar for SULDAL, med tidlegare erfaring frå nasjonale og internasjonale prosjekt relatert til IKT og utdanning.

Eva Songe Paulsen lektor ved Sand skule og IT-rettleier i Suldal kommune, med erfaring frå fleire skuleslag og no kontaktperson for SULDAL-prosjektet. Student IT for lærarar(grunnfag).

Steinar Westrheim er lærar/cand.mag. og hovedfagsstudent ved HSH/UiB i pedagogisk informasjonsvitenskap. Hovudfagsoppgåve knytt til IKT-integrering ved Jelsa oppvekstsenter i Suldal.



Annen informasjon:

ITU_Rapport_07.pdf (pdf-fil)


Utskriftversjon


Rapport for:

Les mer om SULDAL-PROSJEKTET SULDAL-PROSJEKTET

Del av:

Les mer om ITU skriftserie ITU skriftserie

Kontakt ITU | Om ITU   Universitetet i Oslo