Dette er et arkiv (arkivdato: 08.05.2009). Arkivet kan navigeres i som normalt med unntak av søk.

Gå til www.itu.no for å finne det aktive nettstedet og for å søke i arkivet.

hjem  

Mapper som pedagogisk redskap - perspektiver og erfaringer

Med velvillig tillatelse fra Abstrakt forlag og involverte forfattere, gjengir vi her tre av kapitlene fra boka "Mapper som pedagogisk redskap - perspektiver og erfaringer".

Forfattet av: Olga Dysthe, Knut Steinar Engelsen og Hildegunn Otnes.

Forord:
Eksamens- og vurderingsformene i ei utdanning vil alltid setje sterkt preg på læringsformene. Skal ein i vesentleg grad endre arbeidsformene, må ein difor også gripe fatt i vurderingsformene slik at læringsaktivitetar og vurdering går hand i hand. Dette er eit viktig utgangspunkt for å lage denne artikkelsamlinga. Mapper representerer eitt alternativ til tradisjonell skuleeksamen, og alle artiklane i boka viser at det å ta i bruk mapper får konsekvensar for heile læringsmiljøet.

Eksempla som blir presenterte her, er henta frå høgare utdanning. Fleire av artiklane er blitt utvikla gjennom diskusjonar i prosjektgruppa for det toårige prosjektet «Alternative vurderingsformer i lærarutdanninga» som UFD (Utdannings og forskingsdepartementet) og ITU (Forsknings- og kompetansenettverk for IT i Utdanning) tok initiativet til våren 2001. Boka er ein del av den faglege rapporteringa frå dette prosjektet, men for å gje eit breiare bilde av korleis mapper vert brukt som pedagogisk reiskap, har vi også med nokre eksempel på spanande og nytenkane mappeprosjekt i andre utdanningar.

Sjølv om boka berre presenterer erfaringar frå høgare utdanning i Norge, meiner vi at artiklane også vil kunne gje impulsar til andre deler av utdanningssystemet. Vi tenker her på både lærarar, skuleleiarar og andre aktørar i utdanningssektoren.

Utan økonomisk støtte frå UFD, ITU og fagleg støtte frå Programstyret i PLUTO hadde ikkje denne boka sett dagens lys. Vi vil her spesielt takke PLUTO sin representant i prosjektgruppa, Anne Marie Presthus, som har vore ein sentral fagleg bidragsytar i arbeidet.

Bergen og Stord, august 2003
Olga Dysthe og Knut Steinar Engelsen



Utskriftversjon


Består av:

Les mer om Innleiing: Mapper som lærings- og vurderingsform Innleiing: Mapper som lærings- og vurderingsform
Les mer om Kap. 3: Arkivskuff eller læringsarena? Lærings- og dokumentasjons-sjangrer i digitale mapper Kap. 3: Arkivskuff eller læringsarena? Lærings- og dokumentasjons-sjangrer i digitale mapper
Les mer om Kap. 4: Mapper og IKT Kap. 4: Mapper og IKT

Se også:

Les mer om PLUTO - Lærerutdanning for morgendagens skole [FV 2] PLUTO - Lærerutdanning for morgendagens skole [FV 2]

Dokumentasjon av:

Les mer om PLUTO PLUTO

Kontakt ITU | Om ITU   Universitetet i Oslo