Dette er et arkiv (arkivdato: 08.05.2009). Arkivet kan navigeres i som normalt med unntak av søk.

Gå til www.itu.no for å finne det aktive nettstedet og for å søke i arkivet.

hjem  

Lærande nettverk Møre og Romsdal

I lærande nettverk i Møre og Romsdal er det med 10 skular i det 13.årige løpet.Vi starta med 11 skular, men ein skule er falle frå. Dei skulane som er med i dag er

Skuleigar

Skule(-ar)

Møre og Romsdal Fylke

Kristiansund VGS, Rauma VGS, Sunndal VGS

Giske kommune

Godøy skule, Valderøy ungdomsskole

Rauma kommune

Måndalen skule, Åndalsnes ungdomsskole

Sunndal kommune

Sunndal ungdomsskole

Vestnes kommune

Helland skule, Tresfjord skule

Det er lagt opp til 4 todagars samlingar i året. Tema for samlingane er valt med utgangspunkt i dei hovedområda skulane har vist størst interesse for. Dette ga tema for samlingane for toårsperioden:

  • September 2007: (Digitale) læringsressursar

  • November 2007: Vurdering

  • April 2008: Overordna dimensjonar ved digital kompetanse (digital danning)

  • September 2008: Læringsplattformer

    Leiinga for nettverket pr. i dag består av
    Nettverksleiarar:
    Kjartan Bjorøy og Arne O. Opheim
    Styringsgruppe:
    Prodekan Roy Asle Andreassen, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning
    Skuledirektør Alv Walgermo, Fylkesmannen Møre og Romsdal

    Organisering av arbeidet
    II nettverk nr. 2 har vi auka fokuset på dialogkonferanse som modell. Vi å henta ut meir av potensialet i denne typen organisering, og kanskje gjera skulane så godt kjent med modellen at dei kan ta han i bruk i andre samanhengar. Auka fokus på skriftlighet som verktøy i analyse og vurdering av eiga utvikling er vektlagt , noko som også er eitt av fleire grep i forsøket på å auke fokuset på ”Lærande nettverk” som metode

    Dei deltakande skulane skriv om eige utviklingsarbeid og dei skriv i lag i mininettverka. På kvar samling er to skular utfordra til å presentera arbeid frå eigen skule.

    I nettverk 2 har vi valt ein opnere løysing for digitalt samarbeid enn i nettverk 1, og brukar ein kombinasjon av nettside og blogg (http://www.lnmr.no ) Vi rekna med at dette også kunne bidra til opning for ein vidare delingskultur.

    Mininettverk
    Vi har valt å vidareføra ein open innfallsvinkel til val av tema, men ønskjer å følgja skulene tettare opp omkring dette valet, og meir aktivt kopla skuler med samanfallande/tilgrensande fokus. Dette er grunnlaget for samansetjing av skular i mininettverk.

    Mininettverka:

    • Sunndal vgs – Rauma vgs– Kr. sund vgs
    • Helland sk – Tresfjord sk – Måndalen sk.
    • Godøy skule – Sunndal skule
    • Åndalsnes u. sk – Valderøy u.sk

    Resultat og utfordringar
    Det var eit ønskje om at skulane skulle knyta deltakinga i Lærande nettverk til skuleutviklingsplanen. Når ein ser på bidraga skulane legg ut på nettsida, ser dette ut til å vera tilfelle for dei fleste.

    Mininettverka baserer seg på felles interesseområde. Alle mininettverka fungerer, det vil seia at det er ofte kontakt mellom skulane også mellom samlingane. For dei som fungerer best, ser vi ein klår samanheng mellom felles arbeidsområde og skulane sine utviklingsplanar på IKT-området. Her ser det ut for at nettverket fungerer som støtte og pådrivar for arbeidet.

    Dei skulane som var komen lengst med integreringa v IKT i skulen si verksemd, ser ut til å få mindre ut av samarbeidet.

    Det er eit mål for prosjektet å sørgja for spreiing innanfor eigen organisasjon. For å finna meir ut om dette, vil det bli gjort ei spørjeundersøking, tilsvarande den tilpassa E-Learning Nordic 2006 -undersøkinga som vart gjort i Troms og Rogaland i fjor.

    Høgskulen i Volda har ein veg å gå med å sørgja for spreiing inn mot lærarutdanningane. LN-skulane har etter kvart ein god praktisk kompetanse på integrering av IKT i læringsarbeidet. Det bør vurderast korleis denne kunnskapen kan koma lærarstudentar og lærarar i lærarutdanningane til gode.

    Frå somme vart det ført fram kritikk om det første LN-prosjektet med at to år var kort tid for å etablera ein levedyktig nettverk. Vi er difor glade for at det ser ut til at alle skulane som er med i LN-II ønskjer å fortsetja også det tredje året.

    De finnmeir stoff frå Lærande nettverk Møre og Romsdal på sidene våre: http://www.lnmr.no

    Kjartan Bjorøy og Arne Ove Oppheim

    nettverksleiar


  • Utskriftversjon


    Del av:

    Les mer om Lærende nettverk Lærende nettverk

    Kontakt ITU | Om ITU   Universitetet i Oslo