LÆRANDE NETTVERK SOGN OG FJORDANE
Nettverksleiar
Leiarfunksjonen ver ivareteken av tilsette
ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for lærarutdanning og idrett. For skuleåret 2006-2007 var Eirik
Jenssen nettverksleiar. Noverande
leiar er Dorthea Sekkingstad.
Deltakande
skular
Til saman deltek 11 skular frå 7 ulike
kommunar i nettverket. Desse er:
|
Namn
på skule:
|
Kommune:
|
|
Skei skule
|
Jølster kommune
|
|
Vassenden skule
|
Jølster kommune
|
|
Byrknes barnehage og skule
|
Gulen kommune
|
|
Dalsøyra skule
|
Gulen kommune
|
|
Naustdal barne- og ungdomsskule
|
Naustdal kommune
|
|
Nordsida skule
|
Stryn kommune
|
|
Olden skule
|
Stryn kommune
|
|
Rand skule
|
Stryn kommune
|
|
Gaupne skule
|
Luster kommune
|
|
Hauge skule
|
Bremanger kommune
|
|
Krokane skule
|
Flora kommune
|
Naustdal barne- og ungdomsskule og Olden
skule har også vore deltakarar i det første IKT lærande nettverk som vart
gjennomført i 2004-2006.
Fylkesmannen har stått for
rekrutteringa til nettverket. Nettverksdeltakarane kjem
hovudsakeleg frå barnesteget.
Fokus
og overordna målsetjing
Skulane i nettverket er svært ulike når
det gjeld tilgang på utstyr og erfaring med bruk av digitale verktøy i
skulekvardagen. Vi ser også at skulane har ulike rammevilkår når det gjeld
tildelt tid til å ivareta IKT-funksjonen ved den
einskilde skule. Følgjande
målseting har derfor vore sentral:
margin-top:0cm type=disc>
- Å auka kompetansen til det einskilde medlemme (og
medlemsskulen) uavhengig av kompetansenivå og ressurstilgang
Utfordring,
organisering og aktivitetar
Med utgangspunkt i denne utfordringa og
overordna målsetjinga har vi valt å organisera arbeidet i nettverket med ei
blanding av fellessamlingar og arbeid på nettet. Nettverket nyttar Fronter som informasjons- og kommunikasjonsverktøy.
Det har vore lagt opp til fire felles dagssamlingar kvart skuleår. Tema på desse samlingane har
teke utgangspunkt i behov som deltakarane har signalisert. Vi har i denne
perioden vektlagd ei praktisk tilnærming både med tanke på overføringsverdi og
arbeidsmåte på samlingane. Gjennom førelesingar, øvingar og refleksjon har vi
søkt å leggja til rette for kunnskapsdeling og erfaringsutveksling. Hovudmålet
er at deltakinga i nettverket skal visast igjen i klasserommet og IKT-utviklinga på den einskilde skulen. Oppmøtet på samlingane er godt, og
fellessamlingane har vore evaluerte skriftleg. Tilbakemeldingane er svært gode både når det gjeld fagleg
innhald, tilrettelegging, arbeidsmåte og nytteverdi.
Vi har undersøkt behovet for
regionsamlingar (etableringa av mininettverk), men dette har det vore laber
interesse for så langt.
Den største utfordringa framover vil vera
å få opp aktiviteten i nettverket mellom fellessamlingane. Det er ønskjeleg å
få ein jamn aktivitet på Fronter mellom samlingane.
Oversikt
over gjennomførte fellessamlingar
Hausten 2006
To dagars samling: Etablering av
nettverket. Tema: Ikt i skulen og samfunnet
Våren 2007
Tema: Kunnskapsløftet i norskfaget.
Introduksjon og bruk av Photo Story
Våren 2007
Tema: Programvare til glede og nytte i
matematikkfaget. Introduksjon og bruk av rekneark og GeoGebra.
Oktober 2007
Tema: Digital biletkunst, grafisk design,
innføring og bruk av PhotoShop
Januar 2008
Tema: IKT i musikkfaget og pedagogisk bruk
av IKT i skulen – ide- og erfaringsutveksling.
Særleg vekt på engelskfaget.
Mars 2008
Tema: Lyd og arbeid med lyd i ein
pedagogisk samanheng. Lyd og lydredigering ved hjelp
av programmet Audacity.
Planlagde
samlingar – våren 2008
April 2008
Tema: Videoredigering.
Dorthea Sekkingstad
Nettverksleiar